Kokk
Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid. Ein arbeidar i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Om stillinga:
Suldal sjukeheim har ledig 100% fast stilling som kokk. Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid og ettermiddag.
I denne stillinga arbeidar ein i turnus med arbeid på langvakt til kl. 17.00 kvar tredje helg. I heilagdagspcriodar og feriar er det og penodar med langvakter. Ta kontakt ved spørsmål om turnus.
• Stillingsstorleik: 100%
• Stillingstype: Fast
• stilling ledig frå: 08.02.2027
Arbeidsoppgåver:
• Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasienter, samt ein del til utbringing.
• Reinhald av kjøkken og utstyr.
• Anna førefallande arbeid, blant det noko utkøyring av mat.
Kompetanse:
• Me søkjer primært deg som er utdanna kokk.
• Andre kokekyndige med erfaring frå kjøkkenarbeid og matproduksjon kan vurderast, og vil då bli tilsett som kjøkkenassistent.
Kvalifikasjonar:
• Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
• Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp.
• Meistrar norsk munnleg og skriftleg.
Hos oss i Suldal kommune får du:
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• Engasjerte og dyktige kollegaer
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Bedrifthelseteneste
• Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
• Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
• Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
• Kommunen følgjer offentlighetslova 2S ved eventuell offentleggjering av søkjarlis
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
26.11.2026
Tiltreding:
08.02.2027
Arbeidsstad:
Suldal sjukeheim
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsvegen 1 4230 Sand