Fast stilling som reinhaldar
Det er ledig fast stilling i 80 % som reinhaldar/vaktmeisterassistent ved Suldal bad og idrett frå snarast.
Om stillinga
Suldal bad og idrett omfattar Suldal bad, idrettshallane og utandørsanlegget på Eide.
I denne stillinga vil du ha hovudansvar for reinhald av bygg, fasilitetar og bassengområdet, men òg bidra med dagleg drift, enkle vedlikehaldsoppgåver og praktisk tilrettelegging i anlegga.
Arbeidet er organisert i team og du blir ein del av eit positivt og engasjert miljø med fokus på samarbeid, trivsel og god service. Det kan vere turnusarbeid med kvelds- og helgevakter ved behov og arbeidstida kan variere noko i samband med ferieopningstider og sesongaktivitetar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald av anlegga
- Enkle vaktmeister- og tilsynsoppgåver (t.d. skifte av lyspærer, små reparasjonar, orden og oppfølging av teknisk utstyr)
- Bidra til at anlegga framstår trygge, reint og triveleg for gjestene
- Oppfølging av reinhaldsrutinar, HMS og avvikssystem
- Delta ved arrangement og praktisk tilrettelegging
Kvalifikasjonar – kven er du?
Krav til utdanning: fagbrev som reinhaldsoperatør, lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Stillingskode: 6986 reinhaldsoperatør eller 7210 reinhaldar, avhengig av utdanning.
Me ser etter ein person som:
- Har erfaring frå reinhald, drift, vaktmeisterarbeid eller liknande
- Er praktisk anlagt og i god fysisk form – det er tidvis tunge tak og varmt klima
- Kan bestå livredningsprøve (opplæring og test blir gitt etter tilsetjing)
- Er fleksibel, løysingsorientert og trivst med varierte oppgåver
- Har god samarbeidsevne og serviceinnstilling – me er gode saman og har fokus på gjestene våre
- Har førarkort klasse B (eller er i ferd med å ta det)
- Meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Me tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
- Opplæring og utviklingsmoglegheiter
- Moderne anlegg og gode fasilitetar
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Del på:
Referansenummer:
25/1361
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Søknadsfrist:
19.12.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Suldal Bad og idrett
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.suldal.kommune.noAdresse:
Eidsjøvegen 12 4230 Sand